Frå og med opptaket for 2010 skal det søkjast berre elektronisk om barnehageplass. Dersom du treng hjelp til å søkje / tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf 70 20 75 00, eller med barnehagane.
Alle barn som fyller 1 år seinast 31. august 2010, og som søkjer plass innan fristen 1. mars, har lovfesta rett til barnehageplass. For å ha rett til barnehageplass, må barn også vere busett i kommunen ved oppstart i barnehagen.
Dei som alt har sendt inn søknad om plass, treng ikkje å søkje på nytt.
Digitalt søknadsskjema finn du her.