Elevane ved Brattvåg barneskule fekk oppleve litt av kvart denne dagen. Dei skulle innom fire tema. Grøss og gru, science fiction, folkeeventyr og samane sin kultur. På kvar stasjon vart dei presenterte for ulike bøker dei kunne lese.
Lesing er både eit nasjonalt og eit kommunalt satsingsområde, og ved Brattvåg barneskule vil vi stimulere til leselyst. - Vi vil presentere elevane for litteratur, og for det spennande litteraturen har å by på, seier lærarane. Vi har jobba fram mot denne dagen, og gledd oss til å få kle oss ut og til å få vere med elevane inn i bokverda.
Ådne, Arthur, Hanne og Katelyn hadde mykje å fortelje etter at dei hadde vore innom tre av stasjonane.
-Spøkelserommet var kjekt, utbryt Arthur. Der var eit spøkelse som kom fram under bordet.
-Ja, faktisk. Det var kult, seier Katelyn.
-Og så var der skåler med grøn gele, edderkoppar og auger, seier Hanne. Ådne flirer og seier at han heilt sikkert kjem til å få mareritt i natt.
- Vi fekk dramatisere eventyret om reveenka, og vi har lært om samane. Vi lærte at dei bur i Noreg. Ja, i Ålesund. Men det er flest samar i Oslo. -Eg har sett ein same før, seier Ådne. På Lepsøya.
Alexandra og Adrian frå 4.trinnet synest og det har vore ein veldig kjekk dag.
-Vi kunne hatt ein sånn dag ein gong kvar månad, seier dei. Då kunne det vore andre tema, men spøkelse må vere med kvar gong! Ja, det var skikkeleg bra. Vi fekk ta borti ting. Vi visste det ikkje var ekte, men det var ekkelt likevel, smiler dei.
-Eg har lyst å lage science-fiction sprellemann neste gong, seier Adrian. No fekk vi samarbeide om å lage romvesen. Det vart mange rare figurar.
-Det var kjekt å dramatisere eventyret om reveenka. Vi fekk vere forteljarar begge to, og dei andre fekk vere bjørn, rev, ulv, katt og hare. Læraren var trollkjerring. Og suppa i lavvoen var veldig god. Det er sånn suppe som samane bruker å lage om kveldane. Visste du forresten at det er fleire samar i Oslo enn i nord? Det har vi lært!
Av Solveig Dalhaug Ulla