Haram kommune

Haram kommune har  pr 1. januar 2010 registrert 8739 innbyggjarar, og er mellom dei største landkommunane i Møre og Romsdal.

Kommunen har eit samla flateareal på 256,6 km2 og er ein av dei viktigaste industrikommunane på Sunnmøre. Industrien er den viktigaste næringa i kommunen. Av godt og vel 4000 arbeidsplassar i kommunen finn ein om lag halvparten i industrinæringa. Dette utgjer om lag halvparten av all sysselsetjing.

Industrikommunen: Det er verkstadsindustrien som er dominerande og som skaper grunnlaget for det sterke maritime miljøet som finst her. Miljøet er ein del av den maritime klynga på Sunnmøre. Bedriftene i kommunen dannar eit nettverk av leverandørar og underleverandørar som kjøper tenester og varer frå kvarandre og har verda som marknad. Sentrale aktørar i dette miljøet er Rolls-Royce Marine med tre avdelingar og STX Europe med fleire bedrifter innan verftsbransjen  lokalisert i Brattvåg og Søvik.

Det maritime miljøet i Haram er no så stort at det utgjer mykje av grunnlaget for busetjinga og aktiviteten i kommunen. Industrien konkurrerer med både utanlandske og innanlandske aktørar om kontraktar frå både nasjonale og internasjonale oppdragsgjevarar.

I tillegg til dette har ein fleire større bedrifter i eit breitt spekter av næringar. Som eksempel kan vi nemne;

Kultur har vore eit stort satsingsområde i Haram dei seinare åra. Med to nye kulturhus og eit utall frivillige lag og organisasjonar er Haram ein levande kulturkommune i dag

Publisert av Haram kommune. Sist endra 27.08.2010
Kontaktinformasjon
_
_
Haram kommune
Storgata 19
6270  Brattvåg
 
E-post : postmottak@haram.kommune.no
 
 
Telefon : 70 20 75 00
Faks : 70 20 75 01
Kommunenr. : 1534
_
Opningstid : 08:00 - 15.30
Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF
Haram kommune: Storgata 19, 6270 Brattvåg      Telefon : 70 20 75 00