|
|
|
|
Eining for barnehagetenester
Haram kommune tilbyr barnehageplassar i dei aller fleste krinsane i kommunen. Vi har i alt 11 barnehagar; 5 kommunale og 6 private. Alle barnehagane er godkjende for barn mellom 0 og 6 år, men plassane varierer noko i omfang og driftsform. Vi tilbyr ein fleksibel og brukartilpassa barnehage i samsvar med Lov om barnehagar.

Barnehagane i Haram vil særleg arbeide for eit godt samspel mellom barna, mellom vaksne og barn, og mellom dei ulike vaksne i barnehagen. Vi er bevisste på barna sine eigne ressursar og på at barnet sjølv er aktør i eiga utvikling.
| Kommunale barnehagar |
Private Barnehagar |
Søknadsfrist til hovudopptak: 1. mars
Ved ledige plassar i løpet av barnehageåret, gjennomfører vi fortløpande opptak.
Søknad skal leverast elektronisk via digitalt søknadsskjema.
Marit Eik E-post: marit.eik@haram.kommune.no Tlf: 70 20 75 45
Publisert av
Marit Eik.
Sist endra 22.02.2010
|
|
|
Aktuelle tema - Barnehagar
Aktuelle skjema - Barnehage
|