Generell informasjon om "Kultur og miljø"-eininga

Eining for kultur og miljø samlar ymse lovpålagte tenester og frivillige aktivitetar. Her finn du informasjon om desse, hjelp til å ta dei i bruk, aktuelle fristar, opningstider, kontaktinformasjon m.m


Landbruk- og skogbrukforvaltninga:

Landbruk- og skogbruksforvaltninga har m.a. slike ansvarsområder:

Vi sel ulike tenester til kommunane Giske, Midsund og Sandøy


Fritidsleiar funksjonshemma:

Fritidsleiaren organiserer fritidsbod for psykisk utviklingshemma. Det er aktivitetar som hobbyklubb, musikkgruppe, boccia/trim, turar, julebord m.m.
 

Haram folkebibliotek:

Haram folkebibliotek er ei offentleg teneste som formidler informasjon og kultur i samsvar med Lov om folkebibliotek. Tenesta er lagd til rette for at flest mogleg kan få utbytte av tenesta på tvers av alder, kjønn og sosial tilhørsel.

Gjennom eit aktuelt utval av alle typar bøker, tilgong til studielitteratur, eit stort utval filmar, tidsskrift, språkkurs (også norsk) og framandspråklege bøker vil ein finne oppleving og næring for hjarta og hjernen. Tenestene er gratis.

For påloggingsinformasjon, tenester, katalog, opningstider, informasjonssider, nyhender, svartenester m.m.:

Haram kulturskule:

Haram kulturskule gir tilbod om opplæring i kulturfag. Hovudtyngda ligg på musikk, men vi har òg tilbod i ballett og dans, drama/teater og teikning/måling. I tillegg har vi år om anna prosjekt som oppføring av musikal o.l.

Kulturkonsulent:

 Kulturkonsulent har ansvar for m.a.:

  • kommunale kulturmidlar
  • spelemidlar
  • friluftsliv
  • midlar til lokale kulturbygg
  • UKM / ungdommens kulturmønstring
  • Brattvåg idretts- og symjehall: utleige / administrasjon
  • kommunale kulturbygg og anlegg
  • kommunekontakt kultursekken / kulturnista
  • kulturpris
  • Lov om stadnamn
  • konsesjon for omsetjing og vising av film og videogram
  • sekretær for kulturutval og TV-aksjon
  • politisk saksbehandling


Kulturmidlar:

Lag, organisasjonar og enkeltpersonar heimehøyrande i Haram kan søkje kulturmidlar.

De kan søkje støtte frå 2 kategoriar:

•        ordinære kulturmidlar (aktivitetsmidlar)

•        midlar til spesielle prosjekt (prosjektmidlar)

Les meir her

 

Publisert av Kultur og miljø. Sist endra 27.04.2009
Kontaktinformasjon
_
_
Haram kommune
Storgata 19
6270  Brattvåg
 
E-post : postmottak@haram.kommune.no
 
 
Telefon : 70 20 75 00
Faks : 70 20 75 01
Kommunenr. : 1534
_
Opningstid : 08:00 - 15.30
Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Ingebrigt Davik Huset
Haram folkebibliotek
Haram kommune: Storgata 19, 6270 Brattvåg      Telefon : 70 20 75 00