Drifta av UFO skal byggje på ungdomsmedverknad. Det betyr at ein skal sjå ungdom som ein ressurs, og at ein skal leggje til rette for at ungdom sjølv tek mest mogleg ansvar i forhold til alt som skjer på arenaen, spesielt i forhold til aktivitet. UFO er og ein plass der ungdom berre kan møtast utan å måtte prestere, men der ein kan vere kreativ og aktiv om ein ynskjer det.
Mykje av drifta baserar seg på at ungdom skal ha evne og vilje til å ta ansvar for eigne tilbod, blant anna mellom å arbeide i dei ulike crewa: Kafe-, media-, og booking-crew.
UFO er ein del av Haram kommune si satsing på ungdom og blir finansiert av kommunen. UFO er plassert i 3 etg i Ingebrigt Davik-huset og er ein del av Ingebrigt Davik-huset sin organisasjon. På UFO kan du spele biljard, nintendo Wii, bordtennis, air hockey, surfe på internett, høyre på musikk, lage musikk, syngje karaoke, slappe av med vener og kjente i kafeen og du kan få hjelp til å realisere eigne idear/prosjekt og mykje meir.