Haram er den nordlegaste av kommunane på Sunnmøre, og ligg rett nord for Ålesund kommune. Kommunen dekkjer eit landområde på 262km2 og hadde 8739 innbyggjarar pr 01.01.2010

Haram kommune kan naturleg delast inn i eit stort fastlandsområde med m.a. bygdene Vatne, Tennfjord, Grytastranda, Søvik, Hildre, Helland, kommunesenteret Brattvåg, og ei øygruppe med fire store øyar, Løvsøya, Haramsøya, Skuleøya/Flemsøya og Fjørtofta.
Karakteristisk for landskapet er ei relativt flat stripe mot sjøen og eit indre terreng som stig bratt opp mot fjellhøgder på vel 1000 m.o.h.
Haram var opphavleg namnet på den største og vestlegaste garden på Haramsøya, der hovudkyrkja stod frå det 11. århundret og fram til år 1838. Kyrkjesoknet vart difor kalla Haram, og seinare fekk prestegjeldet og kommunen same namnet. Somme meiner Haram kjem frå harde og snaue fjellhamrar, medan andre meiner at namnet har med ørn å gjere. På garden Haram er det ein stor haug som kallast Arnehaugen (Ørnehaugen).
Fjellvandrarar har ei rad med fjell og toppar av ulik vanskegrad å søkje til. Fleire idrettslag har merka mange stiar i fjell og langs fjøre, og sett ut postar og registreringsbøker. Om vinteren er det fint skiturområde kring Krogsætra, lengst fram i Vatnedalen. Elles finn ei lysløype på Vatne og i Brattvåg.
Det er mange fine fiskevatn og elvar i Haram der ein finn aure, røye eller laks. I Hildreelva, Tennfjordelva og i Vatneelva går det opp bra med sjøaure og laks. For sal av fiskekort, kontakt dei lokale grunneigarane. Sjøområdet mellom fastlandet og øyane utanfor er mellom dei mest fiskerike i distriktet.