NettTV - Sjå møte i kommunestyret

KommuneTV 2


Fikk du med deg møte i kommunestyret 22.06.16 ?
Vi har installert to kamera i kommunestyresalen og du vel sjølv kva kamera du ønskjer å sjå. Om du ønskjer å vite fleire detaljar om ei sak, kan du enkelt trykkje på tilhøyrande sakspapir.

>>> Tykk her for å sjå sendinga frå møtet i kommunestyret

På sakslista står mellom anna desse sakene:

  • Kommunereform - Haram kommune sitt val
  • Tilstandsrapport grunnskulen i Haram 2015
  • Økonomiplan 2017-2020
>>> Trykk her for å sjå sakslista og sakspapira til møtet



Nyheiter
Oversikt

Næringslivet i Haram og Sandøy har engasjert Deloitte til å lage ein rapport om økonomien i Nordøyvegprosjektet. Initiativet kom frå I P Huse AS og Rostein AS som begge står som oppdragsgjevar.


>>> Les rapporten her

Kjetil Heggdal er frå 1. sept. 2016 tilsett som dagleg leiar ved Ingebrigt Davik-huset KF.   Kjetil er 37 år, busett i Brattvåg, og har erfaring innafor næringsliv, leiing og kultur. I tillegg til hans erfaring og kompetanse har vi lagt vekt på hans personlege eigenskapar og tankar om korleis føretaket skal drivast vidare. Vi ser fram til eit godt samarbeid og har tru på ei god framtid for kulturhuset vårt.

Interessa for stillinga har vore stor og styret er godt nøgd med at Kjetil Heggdal har takka ja til stillinga.

Styret vi takke noverande daglege leiar Inger Johanne Ruset, som  skal over i ny jobb i Oslo, for godt samarbeid i den tida ho har vore her.




I  møte i kommunestyret 22.06.16 blei det gjort følgjande vedtak i saka om kommunereforma:

Vedtaket blei gjort med 15 (AP, SP, KRF og MDG)  mot 12 røyster 

  1. På grunnlag av framforhandla intensjonsavtale og resultat av folkerøystinga, vil Haram kommunestyre gå inn for ei samanslåing med Sandøy kommune. Ei avklaring om at Nordøyvegen vert bygd er ein føresetnad for dette alternativet.
     
  2. Dersom Haram- Sandøy alternativet syner seg å verte mindre aktuelt, vil kommunestyret gå inn for å halde fram som eiga kommune.
     
  3. I intensjonsavtalen med Sandøy kommune står det at det er formannskapa i dei to kommunane som skal vere fellesnemd. Dette er ikkje likeverdig då det er fleire medlemmer i Haram. Haram kommunestyre meiner dette bør justerast og vil velje 5 medlemmer frå Haram formannskap til denne nemnda, slik at talet på medlemmer vert likt.



Revidert intensjonsavtale

I går 15.16.16 kom forhandlingsnemndene frå Haram, Sandøy, Skodje og Ålesund fram til ein revidert intensjonsavtale om nye Ålesund kommune. Kommunestyret i Haram kommune skal handsame intensjonsavtalen 22.06. Møtet blir overført på KommuneTV.

>>> Trykk her for å lese intensjonsavtalen om nye Ålesund kommune

 

_P5L0470

Frå 1. mai 2015 skal ingen husstandar betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Maksimalpris for ein barnehageplass er 2655 kroner pr. månad. Husstandar som har ei samla brutto inntekt under 486 750 kroner, kan søkje om reduksjon i foreldrebetaling.

Dersom husstanden har fleire barn i barnehage, gjeld søskenmoderasjon for dei andre barna etter gjeldande reglar. Søknad om redusert foreldrebetaling, både for kommunale og private barnehageplassar, skal sendast Haram kommune elektronisk. Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår. Frist for å søkje er den 10. i kvar månad. Redusert betaling vil gjelde frå månaden etter.

Valresultat


Kontrolltellinga av røystesetlane er ferdig og dei endelege resultata for folkerøystinga er klare.

>>> Trykk her for å sjå resultata og korleis alternativa har blitt prioritert


   

Søkemotor

Haram kommune Storgata 19
6270 Brattvåg
E-post : postmottak@haram.kommune.no
Telefon
: 70 20 75 00

Faks
: 70 20 75 01
Org.nr.
: 964 980 810
Kommunenr.
: 1534
Opningstid
: 08:00 - 15.30

Søk

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Kontrast

(KontrastToggle)

Aktuelle lenker

 
 
Haram kommune: Storgata 19, 6270 Brattvåg      Telefon : 70 20 75 00