Kommunevåpenet - "Bølgje II"


Det tok over fire år frå Ragnar Tennfjord i mai 1983 tok initiativet til at Haram kommune skulle få kommunevåpen, til forslaget frå teiknaren Eldar Tandstad vart godkjent.

Kommunevåpenet - Bølgje II
Kommunevåpenet

I kongeleg resolusjon av 7. august 1987 vart våpen og flagg for Haram kommune endeleg stadfesta:

"Haram kommune sitt våpen skal vere: Delt av sølv og blått med omvendt bogesnitt med tre bogar."

"Bølgje II" vart valt ut mellom fleire forslag i ei utlyst konkurranse i 1984. Det var første gong Tandstad utforma eit kommunevåpen, og ifølgje han sjølv, også siste gongen. - Krava og dei heraldiske reglande for utforming er så strenge, at eg trur ikkje eg vil prøve meg på dette fleire gonger, seier han. Kommunevåpenet vårt er derfor unikt på fleire måtar.

Teiknaren fortel at bølgjemotivet som er valt, kan vere eit symbol på at sjøen knyter delane av kommunen saman. Motivet kan og knytast til dei hindringane som ofte må overvinnast for å fremje vekst og framgang i ein oppdelt utkantkommune.

 
Publisert av Haram kommune. Sist endra 22.10.2008
   

Kontaktinformasjon

Haram kommune Storgata 19
6270 Brattvåg
E-post : postmottak@haram.kommune.no
Telefon
: 70 20 75 00

Faks
: 70 20 75 01
Org.nr.
: 964 980 810
Kommunenr.
: 1534
Opningstid
: 08:00 - 15.30

Søk

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Kontrast

(KontrastToggle)

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF
Haram kommune: Storgata 19, 6270 Brattvåg      Telefon : 70 20 75 00