Redusert foreldrebetaling i barnehage

Det finst ordningar som gir foreldre redusert foreldrebetaling/avslag i pris for barnehageplassen. Ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. I tillegg kan føresette til 3-, 4- og 5-åringar søkje om gratis kjernetid dersom husstanden har låg inntekt.

Redusert foreldrebetaling

Husstandar med samla skattepliktig person- og kapitalinntekt under 500 500 kroner kan søkje om redusert foreldrebetaling.
Dersom husstanden har fleire barn i barnehage, gjeld søskenmoderasjon for dei andre barna etter gjeldande reglar. 

Gratis kjernetid

Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar som bur i husstandar med lav inntekt rett til 20 timars gratis opphald pr. veke / 4 timar gratis pr. dag. Husstandar som har ei samla brutto inntekt under 417 000 kroner kan søkje om dette. Alle som har rett til gratis kjernetid, har også rett til redusert foreldrebetaling.
 

Korleis søkje?

Søknad om redusert foreldrebetaling, både for kommunale og private barnehageplassar, skal sendast til Haram kommune via vårt elektroniske søknadsskjema som du finn øvst i denne artikkelen.
 
Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår. Frist for å søkje er den 10. i kvar månad. Redusert betaling vil gjelde frå månaden etter.
 
Dokumentasjon:
Sjølvmelding skal leggast ved søknaden. Dersom noko ikkje er registrert i sjølvmeldinga av skattepliktig person- eller kapitalinntekt, er søkjar pliktig til å opplyse om det i søknaden.
 

>>> Du kan lese meir om moderasjonsordningane på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

Sist endra 06.01.2017

Kontaktpersonar

Linda Hellandsvik

Konsulent barnehage og skule
Telefon : 70 20 75 42
E-post : Send e-post