Søk barnehageplass

Har du barn og treng barnehageplass? I Haram kommune har vi til saman 11 barnehagar. Fristen for å søkje om barnehageplass for komande barnehageår er 1. mars. Frå  2016 har barn født i september og oktober rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år.

 

  
Søknadsfrist

Haram kommune har eitt felles opptak for alle barnehagane, både kommunale og private. Søknadsfristen er 1. mars. Hovudopptaket gjeld ledige plassar frå august. Ved ledig kapasitet vert nye søknadar handsama fortløpande.

 
Korleis søkje?
 
 
Vedlegg til søknad om barnehageplass
Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar, må du innan 1. mars sende vedlegga per post til

Haram kommune
Storgata 19
6270 BRATTVÅG

Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".
 
Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. nr. 70 20 75 00. Ha klart personnummer til både barn og føresette før du byrjar å leggje inn søknad. I samband med søknad om barnehage/SFO-plass er det obligatorisk å fylle ut e-postadress. Du får svar elektronisk. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. 
 
 
Klage
Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket.

Klaga sender du til
Haram kommune,
Storgata 19
6270 BRATTVÅG
 
Sist endra 02.05.2017

Kontaktpersonar

Linda Hellandsvik

Konsulent barnehage og skule
Telefon : 70 20 75 42
E-post : Send e-post