Barnevernet i Haram

Barnevernet si hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet bidra til at barn og unge får trygge oppvekstkår.

Tenesta arbeider for å finne fram til løysingar som kan rette på forholda i samarbeid med foreldre og/eller andre aktuelle instansar.

Kven kan få hjelp frå barnevernet?

Barneverntenesta gjev tenester til alle born og unge frå 0-18 år og familiane deira som bur i Haram kommune. Når barnet samtykkjer, kan barneverntenesta oppretthalde hjelpetiltak inntil barnet har fylt 23 år.

Behov for hjelpetiltak må vere dokumentert.

Kva kan barnevernet tilby?

  • Rettleiing om foreldrerolla og råd om oppseding
  • Støttesamtalar med barn og foreldre
  • Økonomisk hjelp
  • Gje hjelp til sjølvhjelp
  • Vise vidare til t.d. familierådgjevingskontor eller barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP)
  • Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som er i kontakt med barn, unge og familiane deira
  • Iverksetje og følgje opp hjelpe-/omsorgstiltak
Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Vi legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.
 
Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss. Terskelen for å ta kontakt for å få råd og rettleiing skal vere låg. Barnevernet har teieplikt.
 

Kontaktinformasjon

Telefon - dagtid: 70 20 75 00 (Servicetorget)
Telefon - kveldstid: 480 90  532 (Barnevernleiar) / 907 85 313 (Einingsleiar)
Helg og heilagdagar: Ring Politiet på tlf 112 (Politiet kontaktar lokalt barnevern)
Besøksadresse: Storgata 19, 6270 Brattvåg (2. etasje i Rådhuset, inngang via servicetorget)
Postadresse: Storgata 19, 6270 Brattvåg

 

Kva kostar det å få hjelp frå barnevernet?

All hjelp og rettleiing frå barneverntenesta er gratis

Sist endra 23.01.2017

Kontaktpersonar

Chanielle Bjørnland

Leiar barnevern
Telefon : 70207651/91117390
E-post : Send e-post

Anne Venke Myren

Leiar tiltakstenester barn og unge
Telefon : 70207682/90785313
E-post : Send e-post