Meld frå til barnevernet

Både privatpersonar og offentlege instansar kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn kan ha det vanskeleg.  Det kan vere foreldre, vener, naboar, barnehage/skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelpetiltak.

Offentlege instansar har plikt til å varsle barnevernet dersom dei har grunn til å tru at barn blir utsette for grov omsorgssvikt.

Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte blir ikkje sett på som ei melding.

Korleis melder eg frå?

► Akutte meldingar til barnevernet
Dagtid: Ring 70 20 75 00
Kveldstid: Ring politiet på 112 - politiet kontaktar lokalt barnevern
Helg og heilagdagar: Ring politiet på 112 - politiet kontaktar lokalt barnevern

 

► Melding til barnevernet som ikkje er akutt 

Fyll ut bekymringsmelding til barnevernet - privatperson

Fyll ut bekymringsmelding - offentleg tilsett

På grunn av dei personsensitive opplysningane i bekymringsmeldinga kan ikkje skjemaet sendast inn som e-post.
 
Skjema skal sendast pr post til:

Haram kommune
Storgata19
6270 Brattvåg

Kva skjer vidare?

Når barneverntenesta får melding om barn som treng hjelpetiltak, skal vi...

  • leggje bort meldinga dersom ho er klart grunnlaus
  • starte undersøking dersom det er grunn til å tru at det er behov for tiltak etter barnevernlova 
  • leggje bort meldinga dersom vilkåra i lova ikkje er oppfylte

Handsamingstid

  • Barnevernstenesta skal snarast, og seinast innan éi veke, gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøkingar.
  • Du skal få ei stadfesting innan tre veker om at meldinga er motteke. Dette gjeld ikkje når meldinga er klart grunnlaus.
  • Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg, og ei undersøking skal gjennomførast slik at den minst mulig skadar nokon som den berører. Den skal heller ikkje gjerast meir omfattande enn formålet tilseier. Barneverntenesta har ein frist på 3-månader til å gjennomføre undersøkinga. I nokre tilfelle kan ein utvide denne fristen til 6 månader. 
     
Sist endra 07.12.2016

Kontaktpersonar

Chanielle Bjørnland

Leiar barnevern
Telefon : 70207651/91117390
E-post : Send e-post

Anne Venke Myren

Leiar tiltaksteneste barn og unge
Telefon : 70207682/90785313
E-post : Send e-post