Kva kan vi tilby?
Kom gjerne til Helsestasjon for ungdom dersom du treng å snakke om:
Rus og tobakk, seksualitet og prevensjon, uønska graviditet og abort, kjønnssjukdomar, psykiske problem, spiseforstyrring, mobbing, fysisk aktivitet, kosthald, søvn og mykje anna.
Vi kan gje råd, rettleiing og tilby undersøking om det trengst. Vi kan og vise deg vidare til andre hjelpetenester og spesialistar, dersom det er behov for det.
Alle vi som jobbar på Helsestasjon for ungdom har teieplikt.
Her finn du oss
-
Stad: Strandgata 40 i Brattvåg
-
Opningstid: Torsdagar kl. 15.00 - 17.00.
Helsestasjon for ungdom er stengt i haust-, vinter og påskeferiar.
For opningstider i sommarferien, sjå facebooksida vår her
-
Du treng ikkje timebestilling. Tilbodet er gratis
Følg oss gjerne på Facebooksida vår!