Skulehelsetenesta

Det kan vere godt å ha nokon å snakke med. Alle skulane i Haram har skulehelseteneste med helsesøster, der du kan få råd og rettleiing. 

Kven kan ta kontakt med oss?

Alle elevar og deira foreldre kan ta kontakt med helsesøster ved skulen.
 

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med?

Hos oss kan du få råd og rettleiing, og nokon å snakke med. Dersom det er behov, kan vi hjelpe deg vidare i systemet. Du kan kome til oss med fysiske, psykiske eller sosiale problem. Skulehelsetenesta set òg vaksiner.
 
Vi har teieplikt. Besøk hos skulehelsetenesta gjev ikkje fråvær. Vi samarbeider med Helsestasjon for ungdom
 
 

Kontaktinformasjon

>>> Trykk her for kontaktinformasjon til helsesøster ved skulane
 

Slik bestiller du time hos helsesøster

Send SMS, ring eller berre stikk innom
 

Pris

Tilbodet er gratis

Sist endra 02.01.2017

Kontaktpersonar

Åslaug Skjong

Telefon : 991 21 939
E-post : Send e-post