Individuell plan (IP) er eit tilbod til deg som mottek hjelp frå to eller fleire instansar, og som har behov for koordinerte tenester.
Ordninga med IP er frivillig.
Sjølv om ein ikkje ønskjer å få utarbeidd ein individuell plan, kan ein likevel be om å få oppnemnd ein brukarkoordinator. Koordinator skal sørgje for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med ein eventuell plan.