Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom mellom barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre muligheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er råd ha lave eller ingen kostnader.
Knutepunktfunksjon
Kommunar som får tilskot gjennom denne ordninga skal ha ein knutepunktfunksjon. Knutepunktfunksjonen er kommunen sine kontaktpersonar for frivillige organisasjonar som jobbar med inkludering av barn i målgruppa. Knutepunktfunksjonen skal:
-
Ha ei oversikt over, og bidra til å koordinere det frivillige og offentlege arbeidet i kommunen som er retta mot målgruppa.
-
Samle kunnskap om lokale tilhøve knytt til barna i lavinntektsfamiliane, dele erfaringar og samarbeide med frivillige og andre som jobbar med fagområdet.
Knutepunktfunksjonen i Haram
Knutepunktfunksjonen i Haram er representert ved