Kva gjer PP-tenesta?
PP-tenesta greier ut og gir råd og rettleiing om barn, unge og vaksne som har utfordringar knytte til
-
språk- og talevanskar
-
generelle lærevanskar eller fagvanskar
-
lese- og skrivevanskar
-
matematikkvanskar
-
konsentrasjonsvanskar
-
sosiale og emosjonelle vanskar
-
åtferdsvanskar
-
syns- og hørselsvanskar
Korleis kan du kontakte PP-tenesta?
Før du tek kontakt med PP-tenesta, bør du snakke med helsestasjonen/barnehagen/skulen om bekymring for barnet ditt. Elevar over 15 år kan også ta kontakt med PP-tenesta. Tenesta kan også bistå vaksne som ønskjer å ta grunnskuleopplæring.
Både individ og institusjonar (barnehagen, skulen og andre) kan anonymt kontakte og søkje råd hos PP-tenesta.
Tilvising skjer vanlegvis ved å bruke eit tilvisingskjema, ta kontakt med barnehagen / skulen for å få hjelp til å fylle ut dette.
Tenesta er gratis