Ressursbasen

Ressursbasen er eit tverrfagleg team med mangfaldig og variert kompetanse. Teamet har som oppgåve å tilby hjelp og støtte til barn og familiar som har utfordringar i samhandlinga og som treng råd og rettleiing.

Etter avtale med foreldra samarbeider Ressursbasen med barnehagar, skular, PPT, helsestasjon, barnevern og/eller andre instansar som barn/familiar er i kontakt med.

Kva kan vi tilby?

Det er viktig å kunne tilby hjelp så tidleg som mogleg for å førebygge at vanskar utviklar seg. Ressursbasen tilbyr fleire ulike støttetiltak;

  • BAPP-gruppe (barn frå 8-12 år)
  • Marte Meo (barn frå 0-6 år)
  • ICDP (barn frå 0-18 år)
  • Heimkonsulent / Miljøterapi (barn frå 0-18 år)
  • Tverrfagleg drøftingsmøte (barn frå 0-18 år)
  • COS (barn frå 1-12 år)
  • PMTO-rådgjeving (barn frå 3-12 år)
  • PMTO-terapi (barn frå 3-12 år)

Du kan lese meir om dei ulike tiltaka ved å klikke på menypunkta øvst i artikkelen.

Nokre barn/unge og familiane deira nyttar fleire støttetiltak i ei periode, og Ressursbasen kan då hjelpe med å samordne tiltaka.

Ressursbasen driv også utviklingsarbeid for å tilby andre tiltak som det vert meldt behov om.

Korleis søkje om tilbod gjennom Ressursbasen?

Foreldre/føresette kan henvende seg direkte via vårt kontaktskjema eller via helsestasjonen eller andre tenester som dei er i kontakt med. 
 

 

 

Sist endra 04.07.2017

Kontaktpersonar

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post