COS (barn frå 1-12 år)

Kva er COS? 

COS står for Circle of Security og er eit relasjonsbasert omsorgskurs som går over 20-30 timar. Foreldra får i løpet av kurset støtte til å reflektere over samspelet med eige barn, basert på videoopptak. 

Målet er å hjelpe til å bli "gode nok" foreldre gjennom å fremje foreldre sin reflekterande funksjon som direkte påverkar samspelet mellom foreldre og barn.

 

Gjennom kurset lærer foreldre å etablere ein trygg base for barnet og om betydinga av tilknyting. Dei lærer også korleis dei kan utvikle evne til å forstå barnet sine signal og såleis styrke den kjenslemessige involveringa med barnet.

På denne måten vil ein bidra til å styrke barnet si utvikling av sjølvregulering og sosial kompetanse, samstundes som ein kan førebygge skeivutvikling.
 
Foreldra må ha noko evne til å sjå barnet sine behov og vere nyskjerrige på barnet. Kurset vert ikkje tilrådd 
der foreldre er i ei alvorleg krise eller konfliktsituasjon, om dei er valdelege, brukar rusmiddel, har kognitiv 
svikt eller alvorleg psykisk sjukdom. Den vert heller ikkje tilrådd dersom barnet har alvorlege åtferdsvanskar eller autisme

 

Sist endra 04.01.2017

Kontaktpersonar

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post