Marte Meo (barn frå 0-6 år)

Kva er Marte Meo?

Marte Meo betyr «av eiga kraft». Metoden er ein rettleiingsmetode som vert brukt for å styrkje og utvikle samspelet mellom foreldre og barn. Målet er å gi hjelp til sjølvhjelp.
Metoden tek utgangspunkt i at rådgjevar gjer videoopptak av daglegdagse samspel / samhandlingssituasjonar mellom vaksne og barn, til dømes måltid, påkledning eller leik.

 

Grunnhaldninga er at alle foreldre har ein ibuande kompetanse som kan hentast fram og styrkast gjennom bruk av videoklipp frå kvardagssituasjonar. Som foreldre får ein, gjennom dei korte videosekvensane, sjå seg sjølv utanfrå medan ein deltek i god utveksling og dialog med barnet; negative sekvensar blir utelatt.

Ved at rådgjevar har fokus på positive samhandlingssekvensar, vil ein få fokus på barnet si positive åtferd, 
slik at negativ åtferd vil kunne avta. Målsettinga er å auke samhandlingssekvensar som gir barnet ei positiv 
stadfesting og på denne måten auke barnet si oppleving av meistring, og å auke den vaksne sin sjølvtillit som omsorgsperson.
 
Gjensidig, positiv følelsesmessig utveksling er ein like viktig ingrediens i gode foreldre-barn-relasjonar for 
at barna skal utvikle trygg tilknyting til sine omsorgspersonar. 
 

 

Sist endra 04.01.2017

Kontaktpersonar

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post