PMTO-terapi (barn frå 3-12 år)

Parent Management Training Oregon (PMTO) er eit behandlingstilbod for foreldre med barn som ofte strevar med å samarbeide med foreldra, og som hyppig kjem i konflikt med andre barn og vaksne.

 

Foreldre får tilbod om opplæring slik at dei skaffar seg betre oppdragarferdigheiter, dette for å fremje sosial åtferd hos barnet og å redusere samspelsvanskar.

Gjennom vekentlege samtalar og telefonsamtalar i ein periode på om lag 4-6 månader får foreldra råd og rettleiing. Dei får også trening i hensiktsmessige metodar for å hjelpe barnet sitt i kvardagen.
 
Studiar viser at PMTO bidreg til vesentleg reduksjon av samspelsvanskar hos barn, både heime og på skulen. Det er påvist positive langtidseffekter av behandlinga, både for det aktuelle barnet og for søsken.

 

Sist endra 04.01.2017

Kontaktpersonar

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post