Korleis få hjelp?
Pårørande og den som sjølv slit med eit problemfylt forhold til rusmiddel, kan ta direkte kontakt med ruskonsulent. Ein kan òg bli henvist frå lege, spesialisthelseteneste, NAV eller andre instansar.
Du kan også bruke Team for psykisk helse og rus sitt søknadsskjema som du finn ved å klikke på lenka under:
Kva kan eg få hjelp til?
Rustenesta kan tilby ulike hjelpetiltak:
-
Kartlegging av hjelpebehov og individuelt tilpassa oppfølgingstiltak
-
Henvisning til rusbehandling i spesialisthelsetenesta
-
Samarbeid med andre instansar, lege, pårørande, spesialisthelsetenesta osv
-
Oppfølging i forhold til arbeid/aktivitet
-
Tilbod om lavterskel arbeidstilbod «Ut på garden»
-
Samtalar
-
Økonomisk rettleiing
-
Lavterskelbustad/naudbustad
-
Gje tilbod om ansvarsgruppe og individuell plan (IP) ved behov for koordinerte og samansette tenester
-
I samråd med brukar vere eit bindeledd i samarbeid med den enkelte sin fastlege, og ev sosialkontor, NAV, sjukehus og DPS.
Hjelpa blir tilpassa den einskilde ut frå ei fagleg vurdering, og det vert fatta individuelle vedtak på tenesta.
Tenesta er gratis.