Byggesak

Frå 1. juli 2015 vart det enklare å sette i gang mindre byggjearbeid utan å måtte søkje til kommunen. 
Du kan mellom anna setje opp ein garasje på inntil 50 kvadratmeter eller eit tilbygg på 15 kvadratmeter utan at du treng løyve frå kommunen først. 
 
 

Vegvisar på nett som hjelper deg

Må du søkje? Kva type bygg kjem inn under dei nye reglane? Kor stort kan du byggje? Desse og mange andre spørsmål kan du få svar på ved å bruke Direktoratet for Byggkvalitet (DiBK) sin vegvisar.

Gå til DiBK sin vegvisar: Bygg uten å søke

 

Byggjetiltak utan søknad

Dersom du kan svare ja til alle punkta nedanfor, kan du byggje utan å søkje til kommunen:

  • Det er ein enkel frittliggande bygning på 50 m2
  • Eigedomen er bebygd frå før
  • Tiltaket har ein avstand på minimum 1,0 meter frå nabogrensa
  • Tiltaket har maksimal mønehøgd på 4,0 meter og gesimshøgde på 3,0 meter målt frå det ferdig planerte terrenget sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen
  • Tiltaket er på ein etasje (er ikkje underbygd med kjellar)
  • Tiltaket skal ikkje brukast til bustadføremål 
Forenkling av reglane gir deg meir friheit til å byggje, men du får òg meir ansvar.
Du må sjølv syte for at det du ønskjer å byggje er i samsvar med lovverket
 
Du er sjølv ansvarleg for:
  • at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter
  • at veglova vert følgd i forhold til avkøyring, frisiktsoner og avstand til veg
  • at tiltaket ikkje vert plassert over vatn- og avløpsleidningar
  • at tiltaket vert informert om til kommunen etter ferdigstilling, slik at plasseringa kan førast inn i kommunen sitt kartgrunnlag og matrikkel

HUGS:

  • Å sjekke om du skal  byggje nær kommunale vassleidningar og/eller kommunal veg
    Det er i utgangspunktet ikkje tillate å byggje nærare enn fire meter frå offentlege vass- og avløpsanlegg. Avstand frå kommunal veg skal vere 15 meter i uregulerte område. Dersom eigedomen din ligg langs ein fylkesveg, må du sjekke med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggjegrense for din eigedom.
     
  • Å varsle naboen!
    Sjølv om tiltak er unnateke søknadsplikt, og såleis ikkje treng varslast etter plan- og bygningslova, skal nabo ha varsel etter §6 i nabolova. 
     
  • Ferdigmelding
    Kommunen må få melding når bygget er ferdig, slik at vi kan føre det inn i kartet.
     


Søknad om tiltak utan ansvarsrett

Dersom du kan svare ja på følgjande punkt, kan du sjølv stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen:

  • Søknaden gjeld ein einskild, frittliggjande bygning
  • Eigedomen er bygd på frå før
  • Bygningen skal ikkje brukast til bustad
  • Bygningen er i ein etasje, eventuelt òg ha kjeller
  • Bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA) er under 70 m²
  • Søknaden gjeld tilbygg der all BRA / BYA er under 50 m²

Trykk her for å gå til søknadsskjema for tiltak utan ansvarsrett

 

Tiltak som krev søknad frå kvalifisert føretak

Skal du føre opp større bygning enn nemnd over, må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, som kan stå ansvarleg for søknaden til kommunen.
Eksempel på slike tiltak er:
  • Bygning med bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) på over 70 m²
  • Tilbygg der all BRA / BYA over 50 m².
 
 
 
 

 

 

 

 

Sist endra 03.11.2016

Kontaktpersonar

Chuyun Hu

Byggesak
Telefon : 70 20 76 83
E-post : Send e-post

Camilla Nilsen

Byggesak
Telefon : 70 20 76 42
E-post : Send e-post