Søknad om dispensasjon

Det er behov for å søkje om dispensasjon når ein søknad om tiltak ikkje er i samsvar med kommuneplan, kommunedelplan, reguleringsplan eller lover og forskrifter. Dersom ei sak krev dispensasjon, må skriftleg søknad om dette ligge ved saka.

Søknad om dispensasjon skal behandlast etter §§ 19-1 og 19-2 i plan- og bygningslova.

 Eksempel på kva som krev dispensasjon:

  • Overskride grensa for utbygd areal (%-BYA) i reguleringsplan
  • Avvik frå føresegner i reguleringsplan om bygningsutforming
  • Avvik frå plankrav i kommuneplan/kommunedelplan
  • Bryte byggelinje mot veg
  • Frådeling eller bygging innanfor 100-metersbeltet mot sjø (pbl. § 1-8)

Korleis søkje om dispensasjon?

Ein søknad om dispensasjon følgjer normalt den aktuelle byggesaka/frådelingssaka og skal leggjast ved som ein del av søknaden. Dispensasjonssøknad kan også sendast inn separat.
 
Utforming av dispensasjonssøknad:
  • Eit brev der ein sjølv (eller ansvarleg søkjar) skriv kva det blir søkt dispensasjon frå
  • Søknaden skal grunngjevast
  • Naboar skal varslast
Nabovarsel:
Det må gå fram av nabovarselet at det blir søkt dispensasjon. Ein kan skrive dette på nabovarselet
eller leggje ved dispensasjonssøknaden
 
 
 

Andre vedlegg som skal liggje ved søknaden

Tidsfrist:

Kommunen har ingen behandlingsfrist for søknader der tiltaket er avhengig av dispensasjon frå planar.
Der tiltaket er avhengig av dispensasjon frå lov og forskrift er tidsfristen 12 veker.
 

Sakshandsamingsgebyr:

I følgje betalingsregulativet til kommunen, er det sakshandsamingsgebyr for handsaming av
dispensasjonssøknader. Dette kjem i tillegg til ordinært handsamingsgebyr i byggjesaka.
 
 

Heimel for dispensasjon:

Heimelen for å gi dispensasjon er fastsett i plan- og bygningslova § 19-2
 

 

 

 

 

 

Sist endra 22.09.2017