Ferdigattest

Før du kan ta i bruk det du har bygd må du søkje om ferdigattest. Ferdigattesten viser at saka er ferdigbehandla av kommunen. Attesten blir gitt på bakgrunn av innsendt dokumentasjon om at arbeidet er ferdigstilt. Dersom det er sendt inn ein søknad via ein ansvarleg søkjar er det ansvarleg søkjar som skal søkje om ferdigattest.

Så lenge det kun gjenstår mindre arbeid og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du også søkje om midlertidig bruksløyve. I løyvet skal det gå fram kva arbeid som gjenstår og du får ein frist for å ferdigstille. Eit midlertidig bruksløyve gjer at bygningen kan takast i bruk før du har mottatt ferdigattest.

Korleis søkje?

Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) sine blankettar skal brukast.
Søknadsskjemaet skal fyllast ut og sendast til: Haram kommune, Storgata 19, 6270 Brattvåg

DiBK - Søknad om ferdigattest

DiBK - Søknad om mellombels bruksløyve

Sist endra 22.09.2017

Kontaktpersonar

Chuyun Hu

Byggesak
Telefon : 70 20 76 83
E-post : Send e-post