Dette må du gjere før du søkjer

Korleis du skal søkje kjem an på kva du skal bygge, rive eller endre.
 
Før du skal bygge, rive eller gjere endringar må du sjekke kva planer og føresegner som gjeld for din eigedom. Det kan vere avgrensingar/føringar i kommune- og reguleringsplan for korleis du kan bruke bygget eller området der du eig/bur. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Haram kommune.
 

Du bør også gå gjennom sjekkpunkta under før du går i gang med søkjeprosessen, i tillegg finn du ei sjekkliste (pdf) i menyen til høgre.

>>> Kor mykje av eigedomen er bebygd frå før?

Kor mykje du kan bygge på eigedomen din er avhengig av kva reguleringsføresegnene tillet på eigedomen og kor mykje du har bygd frå før. Ved kompliserte utrekningar vil vi tilrå at du tek kontakt med fagfolk.
Du kan finne meir om målereglane på Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) sine nettsider.
 


>>> Bygningen må plasserast minst 4 meter frå nabogrense

Dersom det er gitt ei byggegrense for din eigedom, må du plassere heile bygningen innafor denne grensa. Finst det ikkje noko byggegrense er hovudregelen at bygningen skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense.
 
Det vert vurdert unntak frå hovudregelen dersom:
  • Du har skriftleg samtykke (nabosamtykke) frå råka naboar.
  • Samla bruksareal eller bebygd areal av tiltaket ikkje er over 50 kvadratmeter.

>>> Leidningar i grunnen

Du er sjølv ansvarleg for å undersøke om det ligg leidningar, kablar og liknande der det skal gravast. 

>>> Skal du bygge i nærleiken av ein veg?

Når du bygger skal minste avstand til midten av kommuneveg vere minst 15 meter og avstand til midten av fylkesveg minst 50 meter (veglova). Dersom du skal bygge nærare enn dette må du søke vegmynde (kommunen eller Statens Vegvesen) om dispensasjon frå avstand til veg. I regulerte område går byggegrensene fram av planen.

>>> Avkøyrsle

Dersom du skal opprette eller endre bruk av avkøyrsle i samband med byggesak, må du sende inn situasjonsplan som vedlegg til søknaden. 
 
Dersom du skal endre eller opprette ei avkøyrsle uavhengig av ei byggesak, kan du søke eining for eigedom og teknisk drift om løyve.

>>> Løyve eller samtykke frå anna mynde

I nokre saker må du hente inn løyve eller samtykke frå andre deler av kommunen eller anna mynde.

>>> Riving

Du må varsle eventuelle panthavarar eller kreditorar som har pengehefte i eigedomen før du sender inn søknad om løyve til riving.
 
Sist endra 20.04.2017