Klage på vedtak i plan- og byggesak

Dersom du ikkje er nøgd med resultatet på vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du motttok vedtaket.
Klagen må vere postlagt før fristen går ut. Kommunen kan ta klagen til følgje og endre eige vedtak, eller det vert sendt fylkesmannen i Møre og Romsdal for endeleg avgjerd. 

Korleis klagar du?

Klagen må:
  • vere grunngjeven. Klagen bør også nemne alle opplysningar som kan vere avgjerande for kommunen si vurdering.
  • angi kva vedtak det vert klaga på.
  • angi kva endringar som eventuelt er ønska.
  • vere underteikna.
 
Klagen kan sendast på e-post til postmottak@haram.kommune.no , eventuelt per post til Haram kommune, Storgata 19, 6270 Brattvåg
 
Sjølv om det er klagerett kan vedtaket gjennomførast straks. Ved klage vil kommunen avgjere om det er grunnlag for å utsette igangsetting. Denne avgjerda kan det ikkje klagast på.
 
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller treng rettleiing.
 

Pris

Det er ikkje gebyr for behandling av klager.
 
Sist endra 22.09.2017