Kor lang tid tek det?

Som hovudregel er behandlingstida 3 veker for enkle tiltak, 12 veker for meir omfattande saker, og meir enn 12 veker for saker med dispensasjon.
 
Saksbehandlingstida reknast frå søknaden blir mottatt av kommunen. Rask handsaming er avhengig av at søknaden er godt belyst. Dersom vi må be om tilleggsdokumentasjon stoppar vår saksbehandlingstid inntil saka er komplett. Det same gjeld dersom saka må sendast på høyring.

Tidsfristar for kommunen si saksbehandling i byggesaker

►►3 veker: ►► 12 veker:
  • Igangsettingsløyve
  • Ferdigattestar
  • Enkle byggetiltak der alle vilkår er oppfylt,
    der det ikkje ligg føre merknadar frå naboar
    eller gjenbuarar, og der det ikkje er nødvendig 
    med uttale eller samtykkje fra anna myndigheit.
    Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan
    fristen er ute, reknast løyve som gjeve.
  • Søknad om tiltak som krev
    dispensasjon frå plan
    eller planføresegner
Sist endra 07.10.2016