Kven skal varslast?
Naboar: Det vil seie dei som har felles grense med den aktuelle eigedomen
Gjenbuarar: Dei som har eigedom via a vis den aktuelle eigedomen (til dømes på andre sida av
veg, elv osv.)
Både eigarar av bebygde og ubebygde eigedomar skal varslast
Kommunen kan krevje at andre eigarar enn naboar og gjenbuarar blir tilsendt nabovarsel. Dette føreset at vedkommande blir berørt av tiltaket.
Varsel ved søknadspliktig tiltak:
Ansvarleg søkjar eller tiltakshavar skal varsle naboar og gjenbuarar.
Merknader:
Dersom nabo/gjenbuar ikkje samtykkjer ved direkte avkryssing, har dei ein frist for å sende inn merknader på 14 dagar etter at varselet er sendt (+postgang). Ev merknader skal sendast til ansvarleg søkjar eller tiltakshavar, i tillegg kan ein kopi sendast kommunen.
Kva skal nabovarselet innehalde?
-
Skjema for nabovarsel
-
Teikningar og situasjonskart
>>> Skriv ut situasjonkart her
-
Andre opplysningar som kan berøre naboen/ gjenbuaren sine interesser
-
Opplysningar om eventuelle dispensasjonssøknader
-
Ved endra bruk skal det opplysast om tidlegare og ny bruk