Tildeling av vegadresse

Ved oppføring av nye bygningar tildeler Eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning adresser til desse. Dette gjeld òg omadressering av eksisterande bygningar ved til dømes endring av avkøyrsle.

Kva avgjer adressenamn og adressenummer? 

Adresse med husnummer blir tildelt ut frå gjeldande reguleringsplan eller utbyggingsplan.

Kommunen ved kommunestyret avgjer adressenamnet. Skrivemåten blir fastsett etter rettskrivingsreglane i Lov om stadnamn. Adressa skal om mogleg knyttast til den vegen eigedommen har godkjend tilkomst frå. Adressenummer blir tildelt etter reglane i Kartverket sin Adresseveileder .

Høvet til å få endra adresse er avgrensa. Det skjer normalt berre dersom kommunen har gjort ein feil eller eigedommen har fått tilkomst frå ei anna gate enn tidlegare.

Adressenummer sett du opp sjølv

Huseigar er sjølv ansvarleg for at adressenummer (husnummer) vert sett opp. 

Kva er brukseiningsnummer (bustadnummer)?

Når fleire leilegheiter har same adresse/inngang, har kvar leilegheit også fått tildelt sitt eige brukseiningsnummer.
 
Brukseiningsnummeret er ein bokstav og fire tal. Nummeret står på eit adressemerke som skal klistrast synleg på eller ved ytterdøra. Bokstaven og dei to første tala betyr kva etasje leilegheita ligg i, dei to siste betyr leilegheita sitt nummer i etasjen, rekna frå venstre mot høgre.
 
Døme på bustadnummer H0201:
  • H står for hovudetasje, 02 står for andre etasje og 01 står for første bustad til venstre. 
Ved å oppgje ditt brukseiningsnummer til folkeregisteret gjer du det lettare for ambulanse, politi og brannvesen å finne raskare fram til di leilegheit.
 
Du får bruk for bustadnummer i samband med installasjon av telefon, breiband og internett. 
 
Ved flytting skal bustadnummeret førast opp på flyttemeldinga til folkeregisteret. 
 
Om adressemerke manglar i din bustad, kan nytt bestillast hos Haram kommune ved Eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning.
 
 
Sist endra 19.09.2016

Kontaktpersonar

Kjetil Grytten

Kart og geodata
Telefon : 70 20 76 27
E-post : Send e-post