Dispensasjon frå arealplan

Det vil vere ein arealplan som gjeld for alle eigedomar i kommunen. Dette kan vere både kommuneplanen sin arealdel og regulerings-/utbyggingsplan. Planane viser korleis eigedomen din kan nyttast, og er juridisk bindande. 

Om du ønskjer å bygge noko anna enn det arealplanen legg opp til, må du difor søke om dispensasjon eller om endring av plan.

 
Dispensasjon er unntaket

Alle arealplaner har vore gjennom ein lang politisk prosess med overordna planlegging av området, med moglegheit for medverknad frå naboar og både offentlege og private organisasjonar som har interesse i planen.

Ein plan skal vere føreseieleg, slik at folk skal vite kva som gjeld i sitt område. Dispensasjon skal derfor berre unntaksvis nyttast.
 
Kommunen kan gi dispensasjon dersom:
  • målet med arealplanen ikkje blir vesentleg sett til side, og
  • fordelane ved å gi dispensasjon er klart større enn ulempene.
 
Slik søker du dispensasjon
Dispensasjonssøknaden kan skrivast som eit vanleg brev og leggast ved saman med nabovarsel og søknad om løyve til tiltak. Søknaden skal seie kva det dispenserast frå og innehalde ei grunngjeving for dispensasjonen.
 
 
 
 
 
Sist endra 12.09.2016

Kontaktpersonar

Hege Gjøsund

Arealplanlegging
Telefon : 70 20 76 41
E-post : Send e-post