Reglar for tildeling og sal av tomter i kommunalt bustadfelt

  Vedteke av Haram kommunestyre 16/09-2004, sak 70/04.

 

RUTINAR KRING TILDELING OG UTLYSING AV TOMTER I NYE BUSTADOMRÅDE

  1. Nye tomter skal kunngjerast for sal så snart som mogleg etter at tomtene er byggjeklare. Kunngjeringa skal skje gjennom utlysing på kommunen si heimeside og i minst 2 aviser. Tingingsfrist for første tildelingsrunde skal setjast til ca. 14 dagar.
  2. Søknad om tomt skal skje på fastsett skjema.
  3. Kommunen føreset at alle som søkjer på tomt er reelle tomtekjøparar. Ektefeller, sambuarar mv. kan ikkje sende kvar sin søknad for å auke sjansen for å få tildelt den tomta ein prioriterer fremst.
  4. Firma som søkjer på tomt i nye bustadområde skal prioriterast bak andre tomtekjøparar.
  5. Ved fleire søknader om same tomt, skal ein foreta loddtrekning for å fastsetje rekkjefølgja for val av tomter. Melding om resultatet av loddtrekninga og frist for val av tomt vert å sende tomtesøkjarane så snart som mogleg.
  6. Tinging av tomt før utlysing er ikkje tillate.
  7. Tomter som har vore påtinga og som vert ledige, skal kunngjerast ved kunngjering på kommunen si heimeside, og ved oppslag på rådhuset. Tingingsfristen skal ikkje setjast mindre enn 10 dagar. Tildeling mv. skjer etter reglane i pkt. 2 til 5 ovanfor.

RUTINAR KRING TILDELING AV TOMTER I EKSISTERANDE BUSTADOMRÅDE

  1. Søknad om tomt skal skje på fastsett skjema
  2. Tildeling av tomt skjer i tur og orden etter kvart som søknadane kjem inn. Vert det tvil om rekkefølgja, skal loddtrekning foretakast.

BETALING AV SKØYTE M.M.

Når ein tomtesøkjar har fått tildelt tomt i kommunalt byggefelt, vert betalingskrav utsendt med 3 månaders frist til å betale tomta. Kommunen kan i enkelte høve, etter skriftleg godt grunngjeven søknad forlenge denne fristen. Dersom betalingsfristen vert overskriden, skal vedkomande strykast av tingingslista, og blir eventuelt å sjå på som ny søkjar seinare.
 

BYGGEFRIST M.M.

Etter at skøytet er utferda til tomtekjøparen, er det 2 års byggefrist. Kommunen har
forkjøpsrett på tomta inntil den er bebygd med godkjent bustadhus. Kjøpesummen skal vere
lik salssummen med fråtrekk av skøytekostnader. Forkjøpsretten vert tinglyst som hefte på
eigedomen.
 
Etter skriftleg søknad kan formannskapet godkjenne vidaresal og slette heftet på tomta.

 

Sist endra 03.11.2016

Kontaktpersonar

Bente Solbjørg

Kommunale tomter
Telefon : 70 20 76 25
E-post : Send e-post