Deling av grunneigedom

Ønskjer du å dele eigedomen din (skijle ut tomt), må du søkje om oppretting av ny grunneigedom. Ved oppretting av ny grunneigedom blir det etablert ein ny sjølvstendig eigedom med eige gards- og bruksnummer.

Oppretting av ny grunneigedom inneber to prosessar:
  • Løyve til oppretting av ny grunneigedom 
  • Oppmålingsforretning (grensepunkta blir merka, nye grenser registrert i matrikkelen og tinglysing av det nye bruksnummeret)

Korleis søkje om oppretting av ny grunneigedom?

  1. Skriv ut/ bestill naboliste fra kommunen.
     
  2. Send ut nabovarsel ut frå naboliste. Skjema for nabovarsel finn du på ByggSøk sine nettsider (blankett 5154). Her kan du velje å fylle ut elektronisk skjema, eller du kan laste ned papirblankettar. Du kan enten gå rundt til naboane dine, sende varselet rekommandert pr. post eller sende det på e-post. Naboane eller posten kvitterer på skjemaet; kvittering for nabovarsel . Naboane skal sende sine merknader til deg, slik at du kan kommentere dei før alt vert sendt samla til kommunen.
     
  3. Vent minst 2 veker for eventuelle nabomerknader, og send til kommunen:

Sakshandsaming

Sakshandsamingstid for delingssaker er inntil 12 veker frå søknaden er komplett. Dette føreset at søknaden er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker.
 

Pris

Her finn du gjeldande gebyrreulativ etter matrikkellova

 
Sist endra 23.01.2017

Kontaktpersonar

Sindre Sæter

Oppmåling
Telefon : 70 20 76 23
E-post : Send e-post