Samanslåing av eigedomar

Matrikkeleiningar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan slåast saman.

Festeeiningar kan slåast saman dersom dei ligg til eller er utskilt frå same grunneigedom, og festekontraktane har same innhald og gjeld mellom same partar. Samanslåing kan ikkje skje i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.
 
Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel som eigar til vedkommande matrikkeleiningar.
 

Korleis søkje?

  • Fyll ut Kartverket sitt skjema Krav om sammenslåing
  • Send skjemaet til:
    Haram kommune
    Storgata 19, 6270 Brattvåg

  • Skjemaet kan også sendast som vedlegg på e-post til: postmottak@haram.kommune.no

Sakshandsaming

Saksbehandlingstid for samanslåing av eigedomar er inntil 6 veker.

Pris

Samanslåing av eigedomar er gebyrfritt.
 
Sist endra 19.09.2016

Kontaktpersonar

Sindre Sæter

Oppmåling
Telefon : 70 20 76 23
E-post : Send e-post