Endring på fyringsanlegg

I samsvar med Brann og eksplosjonsvernlova skal eigar melde frå til kommunen når det har vore reinstallert eldstad eller gjort vesentlege endringar på fyringsanlegg. Større arbeid kan krevje byggesakshandsaming.


Du treng ikkje søke til kommunen om å skifte ut eldstaden din. Det er ingen formelle krav til dei som monterer eldstad, men vi oppmodar alle til å bruke kyndige fagfolk.

Når du har montert ny/reinstallert eldstad  eller har gjort vesentlege endringar på fyingsanlegg skal du, i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernlova, melde frå til  kommunen. Dette gjer du ved å bruke skjemaet du finn øvst i artikkelen.
 
Feiaren skal under feiing og tilsyn vurdere tilhøve ved fyringsanlegg og har mynde til å gje pålegg om retting der det er naudsynt.
 
 
 
Sist endra 24.11.2016