Varsel om feiing eller tilsyn
Varsel om feiing eller tilsyn vert levert i postkassa nokre dagar før. Dersom ikkje tidspunktet høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren.
Feiing
Før feiaren kjem skal du:
-
Fylle ut svarslippen og henge den på ytterdøra.
-
Legge fram stige (for dei med takfeiing).
-
Sikre at stigen ikkje kan skli.
-
Sjekke at tak stige og andre innretningar er i forsvarleg stand og i samsvar med regelverket
-
Parafin-/oljebrennar skal vere sløkt og avstengd (for dei som har det).
-
Stenge luker, ventilar og spjeld.
-
Hugse å seie i frå til ev leigebuar.
-
Passe på at ikkje noko anna kan være til hinder for feiinga.
Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på anna måte gjeve klar melding om at det kan feiast) vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogeleg.
Sikker tilkomst
Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på tak. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for det er eigna stige på lett tilgjengeleg stad.
Tilsyn
Eigar eller representant for eigar er tilstades og sørgjer for at samtlige bueningar, eldstader og skorsteinar er tilgjengelege. Om nødvendig må eigar eller eigar sin representant varsle andre brukarar (leigetakarar).
Tilsynet vil omfatte kontroll av:
-
Eventuelt tidligare avvik eller merknader er fylgt opp og utbetra.
-
Ny eldstad eller vesentlige endringar ved fyringsanlegget er meldt inn til kommunen.
-
Anlegget er tilfredstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.
-
At røykvarslarar, håndslukkeutstyr og rømmingsveg følgjer regelverket.
Har huseigar informasjon til feiarvesenet som har betyding for tilsynet ber vi om at dette blir lagt fram til oss når vi kjem. Dette kan vere f.eks. monteringsanvisning til omn o.s.b.
Spør om ID-kort om du er usikker på vedkomande som kjem på døra.