Avløp

Eigedom og teknisk drift har ansvaret for avløpsnettet i Haram Kommune. Nettet omfattar kilometervis med leidningar og mange tekniske installasjonar.
Det er eige renseanlegg for kloakk i Brattvåg.
Avløpsnettet består i tillegg av fleire store slamavskiljarar, pumpestasjonar og kummar.

Slam 

Slamtøming (tømming av septiktank) i Haram kommune vert utført av ÅRIM. Dei har kontrakt med Miljøservice, men all kundekontakt skal gå via ÅRIM

Her finn du ÅRIM sin informasjon om slamtømming

Betaling

  • Prisen for avløpstenesta er fastsett i henhold til kommunens forskrift om vass- og avløpsgebyr, og går i si heilheit til dekning av kommunen sine kostnadar knytt til avløpstenestene. Størrelsen på gebyret vert fastsett (revidert) årleg av kommunestyret og framkjem av gebyrregulativet. 
  • Dersom forbruket ditt vert stipulert etter areal, betaler du lik sum to gongar i året. Dersom du har vassmålar betaler du forbruksgebyret først som eit a konto beløp, som deretter vert avrekna ved første termin etterfylgjande år. Generelt antek ein at avløpsmengda er like stor som vassforbruket. 
  • Den som er tilknytt det kommunale avløpsnettet betalar for dette gjennom eit årsgebyr (fordelt på 2 terminar), medan dei som ikkje er tilknytt betaler kun for tømming av septiktank. 
     
  • Gjeldande gebyrregulativ finn du her. (PDF, 13 kB)
Sist endra 12.09.2016

Kontaktpersonar

Jan Bjarne Valde

Avd.ingeniør - Avløp
Telefon : 70 20 76 21
E-post : Send e-post