Dagaktivitetstilbod ved Haram kvileheim

Dagtilbodet på øyane er eit dagtilbod for personar med demens som bur heime. Tilbodet skal ha ein førebyggjande, aktiviserande og avlastande funksjon.

 

Kva kan vi tilby?

Vi har ei rekkje ulike aktivitetar, eksempelvis:

  • avislesing
  • song og musikk
  • tur (gåtur/biltur) 
  • mimrestund / erindringsstund
  • kjøkkenaktivitet og felles middag  
  • kafébesøk
  • enkle hobbyaktivitetar
  • sansestimulering
  • spel/kryssord/quiz  

Individuelle ønskjer og behov vert vektlagt.
Tilbodet inkluderer middag, tilrettelagte aktivitetar og transport

Mål med tilbodet

Målsettinga for dette tilbodet er 

  • at kvar enkelt brukar skal oppleve tryggleik, trivsel og fellesskap
  • å auke livskvaliteten til brukarane
  • sosialt samvere
  • at brukarane skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim

Kvar finn du oss?

Vi nyttar lokala ved Haram kvileheim på Longva

Opningstider

Tysdagar frå kl. 10.00 til 15.00

Kontakte oss?

Om du har pårørande, eller kjenner nokon som kan ha nytte av eit slikt tilbod, ta kontakt med Tildelingskontoret i Haram kommune, eller heimesjukepleiekontoret på øyane.

 

Sist endra 07.11.2016

Kontaktpersonar

Ann Kristin Berg

Avdelingsleiar - HBO Øyane
Telefon : 476 84 062
E-post : Send e-post

Eli Fjelle

Tildelingskontoret
Telefon : 477 11 290
E-post : Send e-post

Heidi Seth

Tildelingskontoret
Telefon : 477 11 173
E-post : Send e-post