Dagaktivitetstilbod ved Longva omsorgsbustad

Dagtilbodet på øyane er eit dagtilbod for personar med demens som bur heime. Tilbodet skal ha ein førebyggjande, aktiviserande og avlastande funksjon.

Mål med tilbodet

Målet med dette tilbodet er at brukarane skal oppleve
  • trivsel, meistring og fellesskap
  • miljøskifte og sosialt samvere
  • auka livskvalitet

Kva kan vi tilby?

Vi har ei rekkje ulike aktivitetar, eksempelvis:

  • avislesing
  • song og musikk
  • tur (gåtur/biltur) 
  • mimrestund / erindringsstund
  • kjøkkenaktivitet og felles middag  
  • kafébesøk
  • enkle hobbyaktivitetar
  • sansestimulering
  • spel/kryssord/quiz  

Individuelle ønskjer og behov vert vektlagt.
Tilbodet inkluderer middag, tilrettelagte aktivitetar og transport

Kvar finn du oss?

Longva omsorgsbustad, Longva

Opningstider

Tysdagar frå kl. 10.00 til 15.00

Kontakte oss?

Om du har pårørande, eller kjenner nokon som kan ha nytte av eit slikt tilbod, ta kontakt med Tildelingskontoret i Haram kommune, eller heimesjukepleiekontoret på Longva.

Sist endra 08.11.2018

Kontaktpersonar

Tildelingskontoret i Haram

Telefon : 47711173/47711290
E-post : Send e-post