Dagsenteret ved Haram omsorgssenter

Dagsenteret på Haram omsorgssenter er eit dagtilbod for dei som får tenester frå heimebasert omsorg og som bur heime, for dei som bur i omsorgsbustadane og på sjukeheimen. Det er ope for andre ved særskilte behov.

Mål med tenesta

Føremålet med tenesta er at brukarane skal ha ein stad der dei kan treffe andre til ulike aktivitetar og ha det sosialt. Det er med på å auke livskvaliteten!

Dagtilbodet kan også vere med på å bidra til at ein kan vere heimebuande lengst mogleg.

Kva kan vi tilby?

  • Ulike aktivitetar som frukostgruppe, bingo, trim, song og musikk, hand- og trearbeid, avislesing og baking.
  • Turar, konsertar, jonsokfest, julefest o.l.
  • Middagsservering nokre dagar i veka.
  • Dagtilbod for personar med demens (sjå informasjon lengre nede i artikkelen)

Brukarane kan også bestille time hos frisør og fotpleie som held til vegg i vegg med dagsenteret.

Kvar finn du oss?

Dagsenteret ligg i 5. etasje (på gateplan) i Haram omsorgssenter, Storgata 20 i Brattvåg.
Her disponerer vi eit koseleg lokale med flott utsikt mot sjøen og Brattholmen, vi har også ein utandørs sansehage der vi kan nyte fineversdagar.

Opningstider

  • Måndag, onsdag og fredag: Ope for alle kl 08.30 - 14.30
  • Tirsdag og torsdag: Ope for heimebuande personar med demens kl 09.30 - 15.30

Dagtilbod for personar med demens

Dagsenteret har starta med dagaktivitetsplassar for heimebuande personar med demens kvar tirsdag og torsdag. Brukarane blir henta og køyrt heim igjen av personalet.

Dagopphaldet er meint å ha både ein førebyggjande, aktiviserande og avlastande funksjon. Gjennom dette tilbodet kan mange personar med demens bli buande i heimane sine mykje lengre.

 

Sist endra 15.03.2017

Kontaktpersonar

Ann Kristin Klokk

Aktivitør v/ dagsenteret, Haram omsorgssenter
Telefon : 70 20 73 52
E-post : Send e-post