"Kulturen" på Vatne sjukeheim

"Kulturen" er eit dagtilbod for dei som bur på sjukeheimen og i omsorgsbustadane. Det er også ope for andre etter avtale. På onsdagar er det Onsdagsklubb, då er det ope for alle.

 

Kva kan vi tilby? 

Vi tilbyr brukarane våre mange ulike aktivitetar, for eksempel:

  • Bakedagar
  • Bingo og andre spel, quiz, avislesing, trim, song og bowling
  • Handarbeid og trearbeid
  • Besøk frå barnehagar
  • Turar, konsertar, festar og anna underhaldning
  • Onsdagsklubb med middag og kaffi
  • Frukostgruppe på sjukeheimen (alle dagar frå kl 09.00 - 10.00)
  • "Mi historie"-prosjekt

Mål for tilbodet

Målet med dette tilbodet er at brukarane skal oppleve

  • trivsel, meistring og fellesskap
  • miljøskifte og sosialt samvere
  • auka livskvalitet

Kvar finn du oss?

Vi held til i kjellaretasjen ved Vatne sjukeheim

Opningstider

  • Måndag, tirsdag og fredag:
    Ope for bebuarar ved sjukeheimen og i omsorgsbustadane (kl 10.00 - 13.30)
  • Onsdag:
    Ope for alle (kl 10.00 - 15.00)
  • Torsdag:
    Ope etter avtale (Prosjekt "Mi historie")

 

Ta gjerne kontakt med oss om du eller nokon du kjenner ønskjer meir informasjon om tilbodet.

 

Sist endra 07.11.2016

Kontaktpersonar

Linda Fausa

Aktivitør, Eidet omsorgssenter
Telefon : 993 69 888
E-post : Send e-post

Eli Fjelle

Tildelingskontoret
Telefon : 477 11 290
E-post : Send e-post

Heidi Seth

Tildelingskontoret
Telefon : 477 11 173
E-post : Send e-post