"Kulturen" på Eidet omsorgssenter

Dagsenteret ved Eidet omsorgssenter er eit dagtilbod for dei som bur på omsorgssenteret og for heimebuande personar som får tenester frå heimebasert omsorg.

Mål for tilbodet

Målet med dette tilbodet er at brukarane skal oppleve

  • trivsel, meistring og fellesskap
  • miljøskifte og sosialt samvere
  • auka livskvalitet

Kva kan vi tilby? 

Vi tilbyr brukarane våre mange ulike aktivitetar, for eksempel:

  • Bakedagar
  • Bingo og andre spel, quiz, avislesing, trim, song og bowling
  • Handarbeid og trearbeid
  • Besøk frå barnehagar
  • Turar, konsertar, festar og anna underhaldning
  • Torsdagsklubb med middag og kaffi/kake

Kvar finn du oss?

Vi held til i ved Eidet omsorgssenter (Trolldalssletta 12 i Tennfjord)

Opningstider

Vi har ope alle dagar frå kl 10-15. To dagar i veka er tilbodet spesielt lagt til rette for heimebuande personar med demens.

Ta gjerne kontakt med oss om du eller nokon du kjenner ønskjer meir informasjon om tilbodet.

Sist endra 08.11.2018

Kontaktpersonar

Tildelingskontoret i Haram

Telefon : 47711173/47711290
E-post : Send e-post

Leiar ved "Kulturen"

Eidet omsorgssenter
Telefon : 993 69 888
E-post : Send e-post