Aktivitetstilbod - psykisk helse

 

Oasen dagsenter - psykiatrisk dagtilbod
Oasen dagsenter er eit psykiatrisk dagtilbod med aktivitetar på senteret og i turgrupper, i tillegg til behandlingssamtalar for enkeltpersonar og i grupper.

Les meir om Oasen dagsenter her

 
"Ut på garden" - lavterskel arbeidstilbod

«Ut på garden» er eit kommunalt lavterskel arbeidstilbod.  Det har lav terskel og høg fleksibilitet for dei som deltek. Det vert lagt til rette for mestringsopplevingar ut frå den einskilde sine behov og føresetnader.  For mange kan dette vere første steg over i andre arbeidstiltak eller tilbake i ordinær jobb. For andre kan det vere ein stad å treffast og gjere noko meiningsfullt.

Les meir om "Ut på garden" her

Sist endra 20.10.2016