Avlastning for barn og unge (0-18år)

Avlastning er eit tilbod til foreldre med store omsorgsoppgåver ovanfor heimebuande barn/unge med nedsett funksjonsevne, eller som av andre grunnar har eit ekstra omsorgsbehov.

Målsetting for tenesta

  • Avlastninga skal gjere det mogleg for omsorgsytaren å oppretthalde gode familierelasjonar, ivareta sosiale nettverk og gje høve til regelmessig fritid og ferie.
  • Tenesta skal virke førebyggjande slik at pårørande skal kunne gje hjelp til den omsorgstrengande over tid, slik at den kan få bu heime så lenge det er ønskjeleg og naturleg.

Praktisk informasjon

  • Avlastning kan foregå i kommunal tilrettelagt bustad som Haram kommune har i Søvik, eller i privat heim.
  • Søkjar av tenesta må bu eller opphalde seg i kommunen.
  • Søknaden vert vurdert etter kartlegging av omsorgsoppgåvene

Korleis søkje?

  • Fyll ut søknadsskjema

Fyll ut søknad om avlastning her 

  • Skriv ut skjemaet og send det per post til:
    Haram kommune 
    Sosialtenesta
    Storgata 19, 6270 Brattvåg

Ta gjerne kontakt med oss om du ønskjer meir informasjon om tenesta eller rettleiing for å søkje.

 
Sist endra 18.11.2016

Kontaktpersonar

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post

Ingrid Hurlen

Leiar for avlastningstenesta
Telefon : 70207650/91754887
E-post : Send e-post