Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Brukarstyrt personleg assistent er ei ordning som er særleg tilrettelagt for dei med omfattande funksjonsnedsettingar. I prinsippet omfattar dei same tenestene som ordinære helse- og omsorgstenester som hjelp til stell, pleie, måltid, fritidsaktivitetar og alle andre naudsynte gjeremål i kvardagen.

Kven kan søkje?

Personar med omfattande funksjonsnedsetting kan søkje om å få BPA.

Korleis søkje?

For vaksne søkjarar (over 18 år):

  • Fyll ut søknadsskjema

Fyll ut søknad om burkarstyrt personleg assistent (BPA)

  • Send søknaden til:
    Haram kommune
    Tildelingskontoret
    Storgata 19, 6270 Brattvåg

For søknad om BPA for barn og ungdom under 18 år:
Ta kontakt med Haram kommune for meir informasjon om søknadsprosessen.

Dersom søknaden vert innvilga, får brukaren sine eigne assistentar som ein sjølv er arbeidsleiar for. Det vert lagt stor vekt på brukarmedverknad. Med denne tenesta får brukaren meir kontroll på sin eigen kvardag. Det er ein føresetnad at vedkomande er i stand til å ta på seg dette ansvaret, evt at det er andre som kan hjelpe til med dette. 

Pris på tenesta:

Tenesta kostar det same som anna praktisk hjelp gitt av kommunen (heimehjelp).

Sist endra 27.10.2016

Kontaktpersonar

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post

Ingrid Hurlen

Avlastingsbolig Søvik
Telefon : 70 20 76 50
E-post : Send e-post