Brattvåg dagaktivisering

Kva er Brattvåg dagaktivisering?

Dagaktivisering er eit tilbod for vaksne menneske med ulike hjelpebehov.

Dagsenteret legg vekt på:

  • å skape tryggheit og trivsel
  • å tilretteleggje aktivitetar som stimulerer til vedlikehald og betring av fysiske, psykiske og sosiale ferdigheiter.
  • at aktivitetane er styrte ut frå brukarane sine behov, interesser og funksjonsnivå.
  • at brukarane skal oppleve livskvalitet, respekt og verdigheit.

 

 Aktivitetar dagsenteret tilbyr:

  • sosialt samvær
  • enkel matlaging
  • handarbeid
  • trim/dans
  • turar (med og utan overnatting)
  • sang/musikk
  • spel, karaoke, film og tv
  • produksjon av tennbrikettar av avispapir
  • produksjon av strikka/tova husflidartiklar
  • deltaking på messer i kommunen for å selge det som er produsert

 

Sist endra 07.11.2016

Kontaktpersonar

Torill Vigdis Grytten

Dagaktivisering
Telefon : 70 20 92 22
E-post : Send e-post