Følgjekort

Har du behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- eller fritidsarrangement, kan du søkje om følgjekort. 

Følgjekortet gir deg rett til å ha med ein assistent som slepp å betale for billetten sin, du vel sjølv kven du vil ha med som ledsagar. Tilrådd aldersgrense for følgje er 16 år.

Kven kan få følgjekort?

Følgjekort er meint for personer med nedsett funksjonsevne og på forflyttingshemma, med behov for bistand for å kunne ta del på offenlege arrangement. 

Følgjekort vil blant anna vere aktuelt for personar med:

  • Rørslehemming
  • Høyrselshemming
  • Synshemming
  • Psykisk utviklingshemming
  • Skjult funksjonshemming som f.eks. alvorlege psykiske lidingar, hjarte/lungesjukdomar. 
  • Alvorlege allergiar

Det er ingen lovfesta individuell rett til følgjekort.

Følgjekort.jpg - Klikk for stort bilete

Kvar kan kortet brukast?

Følgjekortet gjeld som tilgjenge til dei aktivitetar, bygningar, transportmiddel m.m. som aksepterer ordninga. Ordninga er landsdekkjande og kan brukast over kommune- og fylkesgrensene. Du må sjølv undersøkje om kortet vert akseptert på den staden eller det arrangementet du vil besøkje.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få følgjekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgjeperson gratis der følgjekort vert akseptert. 

 

Korleis søkje om følgjekort?

Send inn søknad om følgjekort her

Treng du hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet? Kontakt servicetorget på tlf. 70 20 75 00 

Sist endra 28.10.2016

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post

Hans Peter Neergård

Rektor Haram kulturskule
Telefon : 70 20 76 33
E-post : Send e-post