Omsorgsløn

Omsorgsløn kan innanfor vedteke budsjett ytast for eldre og uføre som p.g.a helsetilstand, invaliditet og den sosiale situasjonen, vert tekne hand om av pårørande i eigen bustad. 

 

Kven kan få omsorgsløn?

Personar med særleg tyngande omsorgsarbeid for andre med omfattande omsorgsbehov kan søkje om omsorgsløn. Det er ein føresetnad at pleie/omsorgsbehovet er av eit omfang utover det ein kan sjå på som naturleg omsorg for nære pårørande. Behovet for andre omsorgstiltak, t.d. opphald i institusjon, bør takast med i vurderinga.
Omsorgsløn blir gitt til den som har omsorgsarbeidet, ikkje til den som treng omsorga.


Kriterium/vilkår:

  • Søkjaren har mange timar med omsorgsarbeid
  • Omsorgsarbeidet er meir fysisk tyngjande enn vanleg
  • Omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn
  • Søkjaren har inntektstap
  • Omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid

 

Korleis søkje?

Pleie - og omsorgstenesta sitt søknadskjema skal brukast. Søknaden skal fyllast ut og sendast pr post til Haram kommune.

Det er ingen søknadsfrist, det kan søkjast gjennom heile året. Søknader blir behandla fortløpande. Det vert gjeve skriftleg svar på søknaden i form av vedtak. 
 

Fyll ut søknad om omsorgstenester her

Moglegheit til å klage

Dersom du ønskjer å klage på vedtak frå pleie- og omsorgstenesta i Haram kommune, er klagefristen 4 veker. Nærare orientering om klage finn du i vedtaket.
 



Praktisk informasjon om omsorgsløn

  • Omsorgsløn blir gitt til den som har omsorgsarbeidet, ikkje til den som treng omsorga.
  • Omsorgsytar blir midlertidig tilsett i kommunen, ei tilsetting som opphøyrer når det omsorgsbehovet som ligg til grunn for omsorgsløna fell vekk.
  • Omsorgsløn er ikkje ei teneste ein automatisk har krav på og tek ikkje sikte på å gje løn for kvar utført time.
  • Den som får tildelt omsorgsløn får i ein tidsavgrensa periode løn etter lavaste årsløn for assistentar, for eit avgrensa tal timar per månad.
  • Det vert ikkje gitt omsorgsløn for tidsrom forut for søknaden.
 

 

Sist endra 07.11.2016

Kontaktpersonar

Eli Fjelle

Tildelingskontoret
Telefon : 477 11 290
E-post : Send e-post

Heidi Seth

Tildelingskontoret
Telefon : 477 11 173
E-post : Send e-post