Bli støttekontakt

Ein støttekontakt hjelper personar i alle aldrar som har behov for sosialt samvær eller støtte til å ta del i kultur- og fritidsaktivitetar utanfor heimen. Støttekontakten får løn av kommunen.
 
Ein støttekontakt kan gå på besøk til brukaren, bli med på tur, kino, kafé, trening eller andre sosiale aktivitetar. Brukaren sine interesser og ønskje avgjer. Det skal vere givande både å ha og å vere støttekontakt.

 

Kven kan vere støttekontakt?

Vi krev ingen fagbakgrunn, men ein støttekontakt må ...
  • vere påliteleg og stabil
  • ha gode samarbeidsevner
  • ha respekt for andre menneske
  • ha overskot til å gje av seg sjølv
  • ha evne til å etablere kontakt
  • vere trygg på seg sjølv
  • kunne sette grenser
Vi ønskjer at det å vere støttekontakt skal vere givande og hyggjeleg. Samstundes er det viktig at tilbodet til tenestemottakaren blir både tenleg og forsvarleg. Alder, kjønn, personlegheit og interesser speler ei avgjerande rolle når støttekontakt blir kopla til tenestemottakaren.
 

Korleis søkje om å bli støttekontakt?

  • Fyll ut søknadsskjema
    Skjema finn du øvst i artikkelen
  • Legg ved kopi av ev. vitnemål og attestar
  • Send søknaden til:
    Haram kommune
    Sosialtenesta
    Storgata 19, 6270 Brattvåg

Dersom kommunen ikkje har eigna oppdrag ledig, kan godkjende støttekontaktar stå på venteliste til vi finn rett oppdrag.

 

Sist endra 13.12.2016

Kontaktpersonar

Hege Melkvik

Telefon : 482 37 410
E-post : Send e-post

Laila Grytten

Telefon : 70207667/48213266
E-post : Send e-post